tirsdag 12. februar 2013

Bobiltreff

26.-28.april skal Hildre kulturhus og Haram danseklubb i fellesskap arrangere bobiltreff på Hildre. Grusbana vert parkeringsplass og laurdagskvelden vert det dans. Det er planar om ein sykkeltur til Løvsøya og det skal vere kafé på kulturhuset. Du treng ikkje ha bobil for å vere med, verken på dansen eller dei andre aktivitetane. Spesielt kjekt hadde det vore om bygdefolket på Hildre tok seg ein tur innom i løpet av helga. Det kjem meir info etterkvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar