torsdag 15. mars 2012

Skytestevne på Hildre Kulturhus

16 og 17.mars skal Hildre og Brattvåg skytterlag arrangere skytestevne på Hildre Kulturhus.

Dans på Hildre Kulturhus

Laurdag 17.mars arrangerer Haram Danseklubb dans på Hildre Kulturhus.

Sjekk ut Haram Danseklubb på Facebook for meir informasjon.

Tombola 14. april

Hildre Kulturhus skal arrangere tombola 14.april!

Det er fleire år sidan Hildre Kulturhus arrangerte tombola no, men vi er godt i gong med førebuinga.
Det blir lodd-salg, åresalg og kafe.
Vi har fått mange flotte gevinster for salg på bok og årene. Bøkene vil vi gå rundt med i nærmaste framtid.

Vi treng gevinstar frå bygdefolket òg. Dei kan leverast på Hildre Kulturhus fredag den 13.april. Den som ikkje likar å ferdast ute denne ulykkesdagen kan levere gevinstar til Nina Tomren eller Liv Jorunn Hildre tidlegare i veka.

Om nokon gjerne vil bake kake, så kan de henvende dykk til Liv Jorunn Hildre. Kakene kan leverast fredag eller laurdag på Hildre Kulturhus.

På førehand tusen takk og vel møtt!

mandag 5. mars 2012

Nytt styre

Etter årsmøtet 16.februar 2012 ser styret no slik ut:

Styreleiar:         Liv Jorunn Hildre (ny)
Nestleiar:          Alexander Nedrevold
Kasserar:         Bjørn Grønmyr
Skrivar:             Nina Tomren
Styremedlem:  Robin Lervik (ny)
1.vara:              Linda Alvestad (ny)


Liv Jorunn har teke steget opp frå 1.vara til styreleiar og Stian Sårheim og Janne Kristin Austnes Hellandsvik har takka for seg i denne omgang. Vi takkar for innsatsen, ynskjer Robin, Linda og Liv Jorunn velkomne og det nye styret lykke til!