Historia

Historia til Hildre kulturhus går attende til 1970. Det var dengong eit ynskje blant bygdefolket at ein skulle prøve å få til ein større samlingsplass. Fleire utvegar vart drøfta og det vart vald eit interimstyre som fungerte fram til skipingsmøtet for Hildre samfunnshus al i 1975.

Barnetalet i bygda var på byrjinga av 70-talet i sterk vekst og dei eksisterande undervisningslokala var for små. Det var trong for både ein større samlingsplass til fritidsbruk og eit større skulebygg.
Det vart drøftingar og møteaktivitet mellom samarbeidsutvalet ved skulen og interimstyret. Skuledirektøren vart og kopla inn i planane. Det vart fleirtal for å satse på ei kombinasjonsløysing skule/samfunnshus.

Etter gjennomført krinsrøysting vart det vedtatt at ny skulestad for Hildre skulle vere ved idrettsbana i Myra. 23. oktober 1975 vart det gjort vedtak om bygging av skule/samfunnshus på Hildre. 11. november 1975 vart Hildre Samfunnshus AL skipa og det vart laga vedtekter for laget.

Første møtet i Hildre Samfunnshus sitt representantskap vart halde 25.november 1975. Skulen vart teken i bruk hausten 1984 og det var ofisiell innviing hausten 1985.
Bygda har no i snart 30 år kunne nytta seg av eit bygg som har tilbudt dei ulike brukarinteressene ein samlingsstad med høg standard på lokalet, kjøkken, scene og sanitærtilhøve.

Fritt gengitt etter Hildre Samfunnshus AL sitt jubileumsskriv frå 2000.