fredag 29. juni 2012

Salen stengd

Frå 1.juli til 22.juli er salen stengd pga lakking. Alle lag og kontaktpersonar for dei ulike aktivitetane blir kontakta direkte av styreleiar Liv Jorunn.

fredag 22. juni 2012

Innsamling av pant

Tysdag 26.juni kl.18.00-19.00 skal vi ha innsamling av pant på Hildre Kulturhus!

Ta med deg flaskene og boksene dine og lever dei til oss, så får vi ei ekstra inntekt og du blir kvitt panten din. Sorter bokser og flasker kvar for seg på førehand, så blir vi veldig glade. :)

Vi sjåast på tysdag!

Mvh.
Styret i Hildre Kulturhus.

tirsdag 19. juni 2012

Ekstraordinært årsmøte


Møte vert halde i småsalen på Hildre Kulturhus onsdag 20.juni 2012 - kl 19.00

Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling
2. Godkjenning av sakliste
3. Endring av vedtekter
4. Endring av føretaksnamn

Med bakgrunn i vedlegga som er utsendt ber vi alle om å stille for å
unngå at føretaket vert tvangsoppløyst.
Gi beskjed på telefon 400 73 721 anten du kjem eller ikkje!

Med venleg helsing styret
Hildre Kulturhus