torsdag 30. august 2012

Hildremesse 10. og 11.november

Laurdag 10. og søndag 11.november er det klart for årets kunst-, handverks-, husflids-, og salsmesse på Hildre Kulturhus.

Det blir sal av kaffe, kaker, varmrett og smørbrød.

Møt opp å få deg noko godt å ete, treffe litt kjentfolk og få litt inspirasjon!
Kanskje du vil starte julegåvehandelen på Hildre i år? :)

Om du vil vere utstillar eller lurer på noko så tek du kontakt med Astri-Karin på tlf. 411 93 268, eller Inger på tlf. 922 63 890.
Du kan også sende ein e-post til hildrei600@hotmail.com.


fredag 29. juni 2012

Salen stengd

Frå 1.juli til 22.juli er salen stengd pga lakking. Alle lag og kontaktpersonar for dei ulike aktivitetane blir kontakta direkte av styreleiar Liv Jorunn.

fredag 22. juni 2012

Innsamling av pant

Tysdag 26.juni kl.18.00-19.00 skal vi ha innsamling av pant på Hildre Kulturhus!

Ta med deg flaskene og boksene dine og lever dei til oss, så får vi ei ekstra inntekt og du blir kvitt panten din. Sorter bokser og flasker kvar for seg på førehand, så blir vi veldig glade. :)

Vi sjåast på tysdag!

Mvh.
Styret i Hildre Kulturhus.

tirsdag 19. juni 2012

Ekstraordinært årsmøte


Møte vert halde i småsalen på Hildre Kulturhus onsdag 20.juni 2012 - kl 19.00

Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling
2. Godkjenning av sakliste
3. Endring av vedtekter
4. Endring av føretaksnamn

Med bakgrunn i vedlegga som er utsendt ber vi alle om å stille for å
unngå at føretaket vert tvangsoppløyst.
Gi beskjed på telefon 400 73 721 anten du kjem eller ikkje!

Med venleg helsing styret
Hildre Kulturhus

fredag 27. april 2012

Gi oss di stemme!

Sparebank1 skal dele ut til saman 100 000,- kroner ved utgangen av mai i år. Alle nominerte kandidatar får 10 kroner pr. stemme, men kandidaten må ha over 50 stemmer for å få utbetalt pengane.

Vi har nominert Hildre Kulturhus som ein av kandidatane. Og vi håper sjølvsagt på at så mange som mulig vil gi oss si stemme! :)

Frå 3.mai kan du gi di stemme på facebooksida til Sparebank1. Den finn du her.

Spre ordet til kjente og ukjente, så blir vi veldig glade. :)

torsdag 26. april 2012

Korkafè 29.april

Søndag 29. april skal Brattvågkoret arrangere korkafè på Hildre Kulturhus kl.17.00.
Møt opp å få deg ein fin musikkopplevelse, kaffe og litt å bite i. :)

Vel møtt!


torsdag 15. mars 2012

Skytestevne på Hildre Kulturhus

16 og 17.mars skal Hildre og Brattvåg skytterlag arrangere skytestevne på Hildre Kulturhus.

Dans på Hildre Kulturhus

Laurdag 17.mars arrangerer Haram Danseklubb dans på Hildre Kulturhus.

Sjekk ut Haram Danseklubb på Facebook for meir informasjon.

Tombola 14. april

Hildre Kulturhus skal arrangere tombola 14.april!

Det er fleire år sidan Hildre Kulturhus arrangerte tombola no, men vi er godt i gong med førebuinga.
Det blir lodd-salg, åresalg og kafe.
Vi har fått mange flotte gevinster for salg på bok og årene. Bøkene vil vi gå rundt med i nærmaste framtid.

Vi treng gevinstar frå bygdefolket òg. Dei kan leverast på Hildre Kulturhus fredag den 13.april. Den som ikkje likar å ferdast ute denne ulykkesdagen kan levere gevinstar til Nina Tomren eller Liv Jorunn Hildre tidlegare i veka.

Om nokon gjerne vil bake kake, så kan de henvende dykk til Liv Jorunn Hildre. Kakene kan leverast fredag eller laurdag på Hildre Kulturhus.

På førehand tusen takk og vel møtt!

mandag 5. mars 2012

Nytt styre

Etter årsmøtet 16.februar 2012 ser styret no slik ut:

Styreleiar:         Liv Jorunn Hildre (ny)
Nestleiar:          Alexander Nedrevold
Kasserar:         Bjørn Grønmyr
Skrivar:             Nina Tomren
Styremedlem:  Robin Lervik (ny)
1.vara:              Linda Alvestad (ny)


Liv Jorunn har teke steget opp frå 1.vara til styreleiar og Stian Sårheim og Janne Kristin Austnes Hellandsvik har takka for seg i denne omgang. Vi takkar for innsatsen, ynskjer Robin, Linda og Liv Jorunn velkomne og det nye styret lykke til!