torsdag 15. mars 2012

Tombola 14. april

Hildre Kulturhus skal arrangere tombola 14.april!

Det er fleire år sidan Hildre Kulturhus arrangerte tombola no, men vi er godt i gong med førebuinga.
Det blir lodd-salg, åresalg og kafe.
Vi har fått mange flotte gevinster for salg på bok og årene. Bøkene vil vi gå rundt med i nærmaste framtid.

Vi treng gevinstar frå bygdefolket òg. Dei kan leverast på Hildre Kulturhus fredag den 13.april. Den som ikkje likar å ferdast ute denne ulykkesdagen kan levere gevinstar til Nina Tomren eller Liv Jorunn Hildre tidlegare i veka.

Om nokon gjerne vil bake kake, så kan de henvende dykk til Liv Jorunn Hildre. Kakene kan leverast fredag eller laurdag på Hildre Kulturhus.

På førehand tusen takk og vel møtt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar